Ta bussen til solefallskonsert på Jaslangen 7. juli 2026
I 2026 er det 20-årsjubileum for den populære solefallskonserten på Jaslangen i Vestre Slidre. Kva passar då betre enn å feire med vår heilt eigen verdsstjerne på scena?
Slepp stresset med parkering og la bilen stå heime. JVB set opp bussar frå både Fagernes og Slidre i samband med konserten, og vi håpar å sjå deg ta eit miljøvennleg val og bli med oss på bussen til Jaslangen. Bussane går frå både Fagernes Skysstasjon og Slidre Sentrum kl. 18:45, med fleire haldeplassar langs vegen. Ta med deg vener og familie for å nyte årets ettertrakta solefallskonsert!
Hugs å bli med same buss tilbake etter konserten. Vel møtt til magiske kveldstimar med Hemsing i hemlege fjell!
Ragnhild Hemsing er ein svært allsidig musikar, og med både fele og hardingfele har ho gjort det til sitt varemerke å kombinere det beste frå klassisk musikk med folkemusikken ho kjenner frå Valdres. Til Hilme kjem ho med eit stjernelag av musikarar og prosjektet VETRA. Med VETRA har Ragnhild teke utgangspunkt i nokre av folketonane Ludvig Mathias Lindeman samla inn frå Valdres på midten av 1800-talet. Her vil impulsar frå folkemusikk, klassisk og jazz smelte saman og ta publikum med på ei vakker reise inn i Hemsing si musikalske verd.
Medverkande:
Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin
Mathias Eick – trompet
Steinar Raknes – kontrabass
Terje Isungset – perkusjon
Marthe Husum – bratsj
Frida Fredrikke Waaler Wærvågen – cello
Knut Aastad Bråten – langeleik
Ole Aastad Bråten - langeleik
NB! Dette er kun bussbillett.
Konsertbillett kan kjøpes her: https://hilme.ticketco.events/no/nb/e/ragnhild_hemsing_vetra
Tid: Tysdag 7. juli 2026, kl. 20.30
Stad: Jaslangen
Har du spørsmål om bussen eller bestilling av bussbilletter, ta kontakt med oss på epost: tur@jvb.no eller tlf: 99 20 80 00 (man – fre kl. 09:00 – 15:00)