Festivalekspressen går frå Oslo bussterminal, Sandvika bussterminal, Bergen bussterminal og Trondheim busstasjon, Voss stasjon og Dombås bussterminal utan bussbyte, heilt inn til Eidsbugarden. På sundagen kan du tinge billett anten du vil attende til utreisepunktet eller vil vidare til ein av dei andre byane!
Hovudmålsetjinga er å gje vinjerockarane ei meir bekymringsfri ferd til og frå festivaleventyret, i tillegg til å redusere antal bilar på landevegen med kurs mot Jotunheimen i midten av juli.
Bussane stopper på vegen slik at du kan få handla med deg det du treng til fjells. Stoppet varar i 30-40 minutt så her er det lurt å ha handlelista klar. Bussane frå Oslo og Sandvika stoppar på Fagernes, frå Bergen i Voss og Trondheim på Dombås. Meld ifrå til bussverten når du kjem på bussen om du ynskjer å handle - om ikkje nokon vil køyrer me vidare mot fjell og moro!
OBS! Du må ha ein billett for kvar veg, så hugs å ting retur og!
Under finn du avgangar og billettar: